Solali
Logo2






noen

Livet som

Terra-råka

Fresvikpatriot Gunnar Bøthun freistar med hyttetomter, moreller, avrettingar

og fryserom. Alt for å få fart att på bygda i Vik i Sogn.

 

Inst inne på sørsida av Sognefjorden, derstupbratte fjell stoggar vegen, ligg bygdaFresvik. 25 kilometer frå Vangsnes, innover ein smal veg, forbi Feios, opnar bygda seg.Vegen er smal, fjorden glitrar og fjellsideneer bratte.

Bringebærbuskane står på rekkje og rad, kvitmåla hus i fjordkanten, Fresvikbreen er like rundt hjørna og fjella fulle av flotte turstiar.

Fresvik er ei bygd som på mange måtar har fått hard medfart etter Vik kommune sitt Terra-stunt.

Tilflytting er så å seia ikkje-eksisterande og ungdomskuletrinnet ei saga blott. Vegen kom i 1977 og det var heller ikkje elektrisitet før i 1958.

Heldigvis er det pågangsmot hjå dei fastbuande og tru på at ting vert betre. Bygda har mykje å tilby tilreisande og har stor kapital i utsikt.

EI AV DEI som meiner at bygda har livets rett, er fresvikpatriot, Gunnar Bøthun. Han er glad for at ting skjer og meiner Fresvik er verd eit besøk og meir merksemd.

Etter fleire år vekke frå heimbygda, mellom anna sju år i Brasil, flytta Bøthun og kona Nancy heim til Fresvik.

Oppe i dalen med utsikt over bygda og fjorden, kan ekteparet sitja på terrassen og nyta synet av cruisebåtar frå Flåm som ligg

rett rundt neset.

BØTHUN HAR HYTTE TIL UTLEIGE og har lagt 18 hyttetomter ut for sal på heimgarden.– Eg håpar at nokre rike bergensarar eller vossingar har lyst å kjøpa hytte her og kanskje bidra til meir utvikling, seier Bøthun.

Elva skil dalen i to og på andre sida ligg den einaste overnattingstaden i bygda.– Me har no fått gardshotell, Frøys hus, som

tar i mot gjester på andre sida av elva, seier Bøthun.

Frøys hus tilbyr økologisk mat, og garden har ein stor hyllebærplantasje. Bøthun har ei hytte som vert utleigd om sommaren,

men håpar at det kanskje vert ein campingplass og i bygda.

– Eg er ein patriot og er oppteken av at bygda har ei framtid. Dersom utviklinga held fram slik som no, ser det ille ut, seier Bøthun.

Mange av husa står tomme mesteparten av året og vinteren kan vera kald i dalen.

Bygdefolket står saman og er vidgjetne fordugnadsånda som rår.– Aldersheimen er meir eller mindre bygd på dugnad.

For nokre helgar sidan gjekk rockefestivalen «Fresen» av stabelen og i dag går minneløpfor Mensen Ernst, som kom frå Fresvik.

– Den nest siste avrettinga av ei kvinne i Noreg skjedde og her. Det skjedde i 1845 ogIngeborg Grønli vart avretta på grunn av at ho

drap far sin, Ole Grønli. Det gjorde ho fordi ho ville arva husmannsplassen ho kom frå, seier Bøthun.

Historia seier at ho drap far sin og brende han i omnen. Men då ho skulle bli kvitt beina etter han, ville ho hiva dei på elva. Elva var

derimot fastfrosen og slik vart ho oppdaga. Bøddelen Samson Isberg kom frå Bergen og avretta Ingeborg i Fresvik.

 



Solalihytter, Org.nr: 992850671, Solali, 6896 Fresvik, Tlf.: 95223418, Fax: 57695024, E-post: solali@gmail.com, Skriv ut siden
Websidene er laget i publiseringsverktøyet Mekke.no